Om oss

Hesjedal Gard

Hesjedal gard ligg om lag 200 meter over havet, og grensar til Hesjedalvassdraget i Vaksdal. Her bur Elisabeth, Sturle, Oda og Ina.

Garden er ein familiegard som har vore driven i mange generasjonar, og Sturle er oppvaksen på garden med sau, skogsdrift og sagbruk. Hesjedal har lang historie og var busett allereie før vikingtida.

Sturle tok over drifta i 2001, og i 2003 flytta me inn på garden, og pussa opp det gamle gardshuset. Restaurering av bygg på garden jobbar me med heile tida, blant anna sagbruk, løer og uthus. Sturle er utdanna tømrar, og me gjer alt arbeidet sjølv. Me har og bygd ny stall og saueflor.

Me har to jenter, Oda som vart fødd i 2004, og Ina som vart fødd i 2008. Begge to har stor glede av, og interesse for dyr, spesielt hunder og hester.

Elisabeth

Mål

Hesjedal gard vil gje eit tilbod til born, unge og vaksne mennesker, som av ulike årsaker kan ha behov for ein alternativ arena for læring og mestring. Her får brukarane oppleve samspel med dyra på garden, og naturen rundt, for ein kortare eller lengre periode. Me har mange ulike dyr, og arbeidsoppgåver på garden, så her finn ein noko som passer dei fleste.

Tilbod

Aktivisering for barn og unge.
Arbeidstrening og rehabilitering for unge og vaksne.
Helse og omsorg med meir. 

Verdiar