Hund

Hund og trening

Elisabeth sin store lidenskap er hunder, ho har vore aktiv med hund sidan midten på 90-talet. Vore innom ulike raser og konkurrert i lydighet, agility og bruks. Ho er utdanna instuktør gjennom NKK, og har halde eindel kurs, blant anna for Voss hundeklubb og Vaksdal og Modalen hundeklubb. Ho har og deltatt på mange kurs innan språk og atferd hjå hund, og konkurranseretta kurs innan dei ulike hundesportane ho har vore aktiv i, i tillegg til NKK sin oppdrettarskule. Under kennelnavnet Kalandsgården har det komme 3 kull på desse åra, så noko storoppdrett er det ikkje, men interessa for avl har alltid vore stor.

Me har no to hundar på garden, Eiril (Klettåsen’s Eiril), ei border collie tispe født i 2017, og Ella (Fingerprint’s Caravella), ei golden retriever tispe født i 2019. Eiril hjelper til med sauer, og er heller ikkje vanskeleg å be når hønsene ikkje vil inn på kvelden. Yngste dattera Ina trena agility med ho, og ho er veldig god å ha i Inn på tunet-drifta. Ho er roleg, og glad i mennesker, og på agilitybana gjer ho alt, og brukarane av IPT- tilbodet får kjenne på mykje god meistringsfølelse når dei kan springe saman med ho på agilitybana.

Ella si hovudoppgåve er å vera sjarmtroll og humørspredar, noko ho klara med glans, ho er nok eit naturtalent på det området. Ella er trent i spor og grunnferdigheter for ulike hundesporter, om me skal konkurrere, og kva me evt skal konkurrere i, det får me sjå etterkvart. Ella har vore på utstilling to gonger, som junior, og fekk excellent og flotte kritikkar begge gonger. Mogleg me har ein framtidig avlshund her, det vil tida vise!

Følg oss på Facebook!