Dyra våre

Dyra våre

Bli kjent med kven som bur på garden!

Hestane

Me har to hestar på garden.

Stjarni er Islandshesten vår, han er godt vaksen, fødd i 1999. Ein kjekk og allsidig hest, som begge jentene våre har lært mykje av, og han er ein god ressurs i inn på tunet-tilbodet. Viljaren er ein fjordhest, fødd i 2007. Han er me så heldige å få låne, han har vore hjå oss 2 år tidlegare, og han kom att i juni 2021, planen er at han skal vera her i 2 år. Viljaren er ein stødig og fin hest, han og er ein god ressurs i inn på tunet-tilbodet, i tillegg til at han er godt utdanna innan sprang og dressur, så jentene våre har og har hatt mykje glede av han.

Gamalnorsk spælsau

Det har vore sau på garden i fleire hundre år.

Frå 2005 til 2015 var det eit opphald, pga at me måtte restaurere bygningar for å kunne drive vidare, og så hadde me små ungar i den perioden, så det gjekk 10 år før me starta opp igjen. Då vart det med rasen gammalnorsk spælsau. Me starta med 12 stk, og no i 2021 hadde me 37 vinterfora, planen er at me skal auka opp til 50 stk.

Gamalnorsk spælsau er ein etterkomar av den gamalnorske sauen, og ein av dei mest opprinnelege sauerasane.

 

Høns

Våren 2020 ruga me ut vårt første kull med kyllingar, det vart 11 stk, 5 hanar og 6 høner av litt ulike rasar. No har me høner av rasane Araucana, som legg turkise egg, Sølv svartrandet wyandotte, som legg rosa/beige egg, og silverudds blå, som legg grønne egg. Me har og kyllingar av rasane gull og sølv svartrandet wyandotte, Maran, sussex og silverudds blå. Stell av høns og kyllingar, og ruging av kyllingar i maskin er ein populær aktivitet i inn på tunet- tilbodet.

Katt

Dei to kattane våre hjelper til med å halde musebestanden på garden nere. Avance er ein sibirkatt, me dreiv eit lite oppdrett av rasen nokre år, og ho er frå første kullet vårt, ho er fødd i juni 2008. Milo er ein korthåra huskatt, han er fødd i juni 2020.

Kanin

Me har to kaniner på garden, dei er sosiale og kontaksøkjande. Den eine er ein chinchillafarga belgisk kjempe, på ca 8 kg, ho heiter Dina. Den andre er ein tan-kanin som heiter Ingolf, han er ca 3 kg.

Følg oss på Facebook!